- nær menneske, flott natur, og spennande utfordringar
Ønskjer du ei fleksibel stilling der du kan forme din eigen kvardag? Vil du være med på visjonen om å vidareutvikle Skilbrei Ungdomssenter?
Som dagleg leiar vil du saman med eit engasjert styre få ansvar for å styrke driftsgrunlaget med tanke på framtidig utbygging av leirstaden.
Drifta er basert på barne- og ungdomsarrangement, møtehelger, selskap og kurs, og ditt daglige ansvar vil vere å legge til rette for drift og utleige. Skilbrei ligg i eit område med gode høve for eit aktivt friluftsliv, t.d. skisenter 3 km unna. Leirstaden er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og ligg sentralt ved E39 12 km sør for Førde, i Gaular kommune.
Løn etter regulativ. Eige husvære. For tilsetjinga gjeld NLM sitt verdidokument. For meir informasjon om Skilbrei og stilllinga klikk her. Vi har og laga ein PowerPoint presentasjon om stillinga som du finn her (litt tungt dokument) eller du kan sjå den som film frå youtube.com lenger nede på sida.
For meir informasjon kontakt oss gjerne: Jon Funder Nævdal, fungerande styrar, epost: jfnaevdal(a)nlm.no, tlf: 948 01 539 Vil du hjelpe oss å nå lenger ut med denne stillingsannonsa? Skriv ut dette oppslaget om stillinga (litt stor fil) og heng det opp.