Skal du arrangere kurs, konferanse, møte eller slektsstemne? Hos oss har kan du leige både små og store rom og du kan leige eitt eller fleire, eller heile huset om du vil. Møtesalen vår har plass til vel 50 personar. Opnar vi dørene til matsalen får vi greitt plass til 150. Har du eit mindre arrangement kan peisestova vår vere det beste valet. Her er plass til vel 30 personar i eit intimt og koseleg lokale. For dei minste arrangementa kan tv-stova våre vere det mest tenlege lokalet. Vi kan stille med overhead, flip-over, lysbildeapparat, projektor og tavle. Du kan og få tilgang til kopimaskin, tv og video, fax og telefon. Ønskjer du servering av lunsj eller andre måltid ordnar vi dette. Dersom nokon av deltakarane har behov for å overnatte så har vi 18 rom som står klare. Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat der vi kan diskutere kva behov de har. Vi har konkurransedyktige prisar og eit vertskap som står på for at arrangementet dykkar skal bli vellukka på alle måtar.
Skilbrei Ungdomssenter har både rom og utstyr til å ta i mot store og små selskap. Om det er barnedåp, konfirmasjon, bryllaup eller minnesamvær kan du trygt leggje arrangementet ditt til våre lokale. Vi har erfaring med å stelle i stand til samvær ved alle slags høve. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat der vi kan diskutere kva behov de har. Eit stort uteområde med mange alternative aktivitetar kan og vere med å gjere festdagen triveleg får både små og store. Dersom nokon av gjestane har behov for å overnatte så har vi 18 rom som står klare.
Dersom du ønskjer eit rimeleg arrangement kan du leige huset utan bemanning. Vi har eit stort og praktisk kjøkken, mykje plass i matsalen og store gode opphaldsrom. Dette gjer oss til eit godt og rimeleg alternativ om du ikkje har plass til selskapet i eigen heim.